Porten til verdsarven

Verdsarvområdet utgjer eit typeområde på eit fjordsystem med tilhøyrande variert natur i denne landsdelen.

 

Det fins svært store landskapsmessige og biologiske variasjonar med eit rikt plante- og dyreliv over korte avstandar. Samspelet mellom natur og kultur gir området særpreg og store opplevingskvalitetar.Området har viktige kulturlandskap, der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart.