Hellesylt - bygda som fort vert ein del av deg

Hellesylt er den vesle bygda inst i Storfjorden (Sunnylvsfjorden) på Sunnmøre og har historie som turiststad heilt attende til 1875. Då vart det første hotellet i kommunen bygd, og dei første cruisebåtane tok til å vise seg på fjorden. Postopneri og skyss-stasjon hadde her då vore i meir enn 100 år. Steinalderfunn viser at her har vore ferdsel og busetnad heilt frå slutten av siste istid.
 
Dette har utvikla seg jamt og trutt, slik at i dag vitjar meir enn 200 000 turistar og 100 cruisebåtar bygda årleg